I denne jubileumsepisoden av BluPodden møter vi Anne Mari Hole Sande, kåra til årets pedagog i Sogndal. Ho fortel om kvardagslivet i barnehagen, om å skape gode barndommar med små ressursar, og om gleda ved å vere tett på barna sine opplevingar og leik. Samtalen løftar fram den profesjonelle kvardagen til barnehagelæraren, full av utfordringar, kreativitet og lysglimt. Medvirkande: Anne Mari Hole Sande, barnehagelærar ved Stedje barnehage i Sogndal i samtale med Eivind Rogne, lektor i pedagogikk, HVL