Alle som har born eller jobbar i barnehage, har høyrt følgjande frase frå ein barnemunn: «Jammen, eg får det ikkje til». Men kva skjer om vi legg til «enno» i setninga? «Eg har ikkje fått det til, enno».
Korleis kan dette ordet «enno» seiast å vere litt magisk når det kjem til barn si meistringstru? Og kvifor er barn si eiga tru på meistring viktig? Og kva kan pedagogiske videoar om sosial og emosjonell utvikling og livsmeistring tilføre kvardagen for borna og dei tilsette i barnehagane?
Denne podkast-episoden handlar om born si oppleving av meistring samt viktigheita av sosial og emosjonell utvikling og livsmeistring for born i barnehagen. Gjestane i studio er Ingunn Størksen, Janken Sæbø og Silje Flesjå, som alle tre har vore med i forskingsprosjektet SELMA, som handlar om nettopp sosial og emosjonell utvikling og livsmeistring i barnehagen. Dei fortel om prosjektet og blant anna også om born sine erfaringar med å sjå pedagogiske videoar om tematikken.
Transkripsjon av episoden her