Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.
Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?
I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.
Ny episode annankvar onsdag utover hausten.
Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret.
Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill suksess, og i denne episoden snakkar Simen og Johan om prosessen med å lage Europavisjonar. Dei fortel om korleis det var å sjå at nyheitsbildet tangerte fiksjonen timar før premieren, og korleis dei har klart å få eit danna teaterpublikum til å ikle seg paljettar og heie på syngande og dansande politikarar.
I denne episoden av Språkoppdraget dykkar vi djupt ned i fankulturen til Eurovision Song Contest. Kva er den optimale ESC-finalen? Korleis er det mogleg å elske ‘Mello’ men hate Sverige? Kva plass har språket i Eurovision? Kvifor drøymer Simen om ein ESC-finale i Holmenkollen? Kva er Noregs sjansar i årets konkurranse og kven får ‘douze points’ frå Simen og Johan?
Med to språkglade gjester i studio, blir det både gloser på islandsk, hylling av morsmål og kjærleik til nynorsk.
Velkommen til Språkoppdraget – Eurovision-spesial!