
Korleis ser eit attraktivt Sunnmøre ut i 2030, og kven tek ansvar for å bygge det?
Denne episoden er spela inn live frå scena under Gursken-konferansen. Gjest er Sylvi Listhaug , partileiar, stortingsrepresentant, sunnmøring, og den klare valvinnaren i både Herøy og Sande ved siste stortingsval. Ho møter Jan Åge Fjørtoft til ein engasjert samtale om framtida til regionen vår. Temaet spenner vidt: rekruttering, bulyst, samfunnsansvar og korleis vi saman kan skape levande lokalsamfunn som folk både vil bu i, og kome attende til. Kva rolle speler politikarar, næringsliv og vanlege folk i dette arbeidet? Undervegs er dei også innom konkrete utfordringar og moglegheiter i vår region, med eit par avstikkarar inn i rikspolitikken.