Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Norske klimagassutslepp fell, sauer slepper ut mindre enn vi tidlegare har trudd, og norsk industri planlegg milliardar i nye klima- og energisparingstiltak.
Bakgrunnen er at SSB nyleg har lagt fram utsleppstala for 2024, og at Miljødirektoratet har godkjent industrien sine planar for kutt i utslepp og betre energibruk. Dette heng saman med at bedrifter som får CO₂-kompensasjon, heretter må bruke minst 40 prosent av støtta på slike tiltak.
Til saman planlegg norske industriverksemder å bruke rundt 30 milliardar kroner på nye klima- og energitiltak, ifølgje regjeringa.
– Det er betydeleg, men det skulle òg berre mangle. Industrien får enorme summar i CO₂-kompensasjon. Eg meiner alt burde gå til klima- og energitiltak, seier Anne Jortveit.
Episoden er òg innom Stortinget sitt nei til auka skatt på småkraftverk – og EUs nye klimamål. Kva vil det få å seie for Noreg? Og har dei som meiner at vi bør justere ned våre eigne klimaambisjonar, eit poeng?
Som alltid kårar vi vekas klimaks og antiklimaks.
Med i denne podkasten er:
Podkasten er teken opp torsdag 6. november.
Lenke til omtalte saker og nyttig bakgrunn:
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.