Siste del av Númenors fall. Ar-Pharazôn går for langt og får kjenne på Ilúvatars vrede.
Del 2/3 av vår gjennomgang av Númenors fall. Det snører seg til når Sauron blir «tatt til fange» av Ar-Pharazôn.
Første tideverv er omsider forbi og me kastar oss over historia om Númenor og andre tideverv!
Den store avslutningen på historien om Silmarillane og første tideverv!
Bli med oss på ei reise til Gondolin og få litt meir innsikt i kva som faktisk skjer i slaget om denne fagrasta av alle byar i første tideverv!
Det siste av dei store alverikene står for tur. Me følger Tuor som ein slags motpart til Túrin, og hans profetiske rolle i det som kan sjå ut som Morgoths store seier over Midgards folk. Eller?!
Me prøver oss på ein liten og laus samtale der me går litt inn på ondskapen i Tolkiens Legendarium og me snakkar litt om ulike måtar ondskapen viser seg på.
Me er vitne til enden på visa om Húrin og hans familie, før det blir full krøll i forholdet mellom alvar og dvergar. I tillegg er det siste dans for Beren og Lúthien og Midgards folk begynner virkelig å bli hardt pressa av Morgoths jerngrep!
Siste del av den store tragedien om Túrin og Nienor!
Del 2 av historia om Túrin, eller Mormegil, eller Agarwaen, eller Turambar. Mange navn å velge mellom ettersom Túrin elskar å gi seg sjølv depressive tilnavn. Går det an å rømme frå sin eigen skjebne?
Me begynner på den tragiske historia om Húrins barn og Túrins kamp mot skjebnen. Det blir episk!
Maedhros prøver å samle dei frie folk til eit siste forsøk på å ta Morgoth ein gong for alle, men det viser seg å vera vanskeleg. Eit storslått, men trist kapittel i historia om første tideverv.
Det blir litt pustestøy i denne episoden då me måtte ty til ein an mikrofon enn vanleg i dag. Håpar det ikkje blir for irriterande.
Me er komt fram til avslutninga på denne episke historia! Følg oss når me sniker oss etter dei to heltane heilt inn til den aller verste staden i Arda, og me blir vitne til ein av dei største vågestykka i heile historia!
Me fortsetter med del 2 av den fantastiske historia om Beren og Lúthien! Ein liten ode til Finrod får me og pressa inn og sjølvsagt ein ny runde episk duell i Midgardsmesterskapet!
Første del av den store kjærleikshistoria om Beren og Lúthien! Ei fantastisk historie og ein av dei virkelig store hendingane i Legendariumet!
Ein hyllest til Fingolfin, konge over Noldoane. Eit liv, ein legende - frå Amans lys til Angbands mørke portar.
Morgoth overraskar alle med eit plutseleg og brutalt angrep og me får lese ein av dei mest episke duellane i heile Legendariumet! I alle fall frå Martin og Aleks sine synspunkt. Heng på!
Finrod er på jaktferie og finner menneska. Me blir kjent med dei tre slektene som får mykje å sei for framtida til Midgard. I tillegg viser Aleksander seg fram med ei kruttsterk stemme på den utrulig lite viktige karakteren Bereg.
Aredhel, søster til Turgon reiser frå det fagre Gondolin for å besøke Fëanorsønene, men går seg vill og havner inn i Nan Elmoths mørke skogar. Her møter ho Eöl, mørkalven. Ein mildt sagt begredelig type!
Spenningane mellom noldofolket og sindafolket når nye høgder når sanninga rundt reisa frå Valinor kjem fram i lyset.
Me har fått lyttarspørsmål rundt folketal i Beleriand og prøver å lyse litt opp rundt det og.
Nettsida der ein kan lesa heile reknestykket:
http://www.stephenwigmore.com/2012/03/population-of-middle-earth-in-first-age.html?m=1