I vekas podkastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på crossover-samarbeidet mellom to teikneseriegigantar på kvar si side av atlanteren, DC og Bonelli.
I høve årest julehefter, og ikkje minst i høve den litt pussige situasjonen at Egmont nå utgir to versjonar av same serien, diskuterer podkastpanelet vårt Knoll og Tott.
I vekas post tek Arild og Knut for seg den amerikanske indie-teikneseriens gullalder. På midten av 80-tallet fekk vi ei bølgje av nye, uavhengige teikneseriar i USA.
I år blei Raptus gjesta av dei franske serieskaparane Fred Neidhardt og Fabrice Tarrin. I samband med dette drøfta podkastpanelet vårt dei mange Sprint spesialalbum.
Raptus teikneseriefestival blei arrangert for 30. gongen nå i september. Tidlegare Raptugeneral Arild Wærness oppsummerer festivalens historie saman med Knut Robert Knutsen
Fantomet er ei superheltmyte som fungerer i Norge, seier Arild Wærness. I vekas pockast ser vi på figuren i fortid og nåtid.
Serienett samlar eit heilt nytt panel beståande av Trond Sätre. Eden B. Melles, Anne Elisabeth Kaldhol og Michelle Hvidsten for å diskutere OCX, manga (nordisk og ekte) og korleis det står til med teikneseriebransjen.
Raptus Teikneseriefestival blei arrangert førre helg, tross i økonomiske vanskar. I samband med dette drøfter eit av podkastpanela våre Raptus og andre aktuelle festivalar.
Kva er eigentleg manga, og kva er nordisk med den? Serienetts panel kjem med sine innspel i den pågåande nordisk manga-debatten
Er Free Comic Book Day berre for trufaste fans, eller finner den nye lesarar (eller i alle fall gamle lesarar til nye bøker)?
På Teikneseriens Dag drøfter eit Serix-panel beståande av Kristian Hellesund, Knut Robert Knutsen og Trond Sätre årets Free Comic Book Day. Kven satsar på FCBD. or kor mykje? Kor blei det av DC og Valiant?
Har Teikneseriens Dag og Free Comic Book Day ei framtid? Serix-panelet deler inntrykk.
I siste delen av årets julehefte-podkast tek Arild og Knut for seg...eigentleg alt som ikkje er norsk eller Disney, og då er det likavel litt igjen.
Vi startar med Sølvpilen og held fram med dei amerikanske veteranane, er innom Tom & Jerry, Asterix, Donalds Glade Jul (teknisk sett norsk), Mummidalen og Hercule Poirot. Og mellom desse blei det tid til å drøfte Vangsgutane, som blei liggande igjen frå bunken med gode, gamle norske.
I "Jul på 80-tallet" kan du vinne ein Philips kassettopptakar som kan ta opp heile 30 minutt med samanhengande lyd! Meir treng ikkje Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for å gå gjennom årets Disney-julehefte, inkludert Fant ("Må vi?") og Askepott. Den uoffisielle julepocketen "Julemagi" for heiderleg omtale, men Arild Midthuns Donald er eit høgdepunkt i år igjen.
I den første av tre sendingar dedikert til årets julehefter snakkar Arild Wærness og Knut Robert Knutsen om Håkon Aasnes, moderne norske titlar og især om Knut Berg-trilogien til Øyvind Lauvdahl.
Arild Wærness og Knut Robert Knutsen oppsummerar heile årets Bergen Tekst & Tegning (BTT) i ein serie med korte og ledige samtalar
I denne andre sendinga frå marknadsplassen på årets OCX snakkar Serienett med Daa Wang, Cristiano Cardone og Vivian Nguyen.
Årets OCX blei arrangert på Deichmanske Grünerløkka første helga i juni. Serienett har tidlegare fortald mykje som kva som skjedde på scenen, men det som føregår i marknadsteltet kan nokre gonger vere vel så interessant.
I denne sendinga intervjuer vi Stian Thomassen, Emil Åslund og Eivind Wittemann
I vårens første podkast frå seriX/Serienett snakkar vi med Matt Davis og Duch på Bergen Art Book Fair.
I 2024 er det Arilds 60-årsdag, Donald Ducks 90-årsdag og 20-årsmarkeringen for at Arild Midthun blei offisiell Donald-teiknar. Serix startar jubileumsåret med ¨sende ut eit opptak av Arild Midthun frå Bergen Tekst & Tegning
Bergen Tekst & Tegning (BTT) blei arrangert 17. til 19. november på hovudbiblioteket i Bergen. Var det ein festival, eller var det noko anna? Det var i alle fall mykje, og gjevande for både deltakarar og dei som var til stades. To av arrangørane, Arild Wærness og Knut Robert Knutsen oppsummerer hendinga og samanliknar med Arild Wæress rike erfaringar frå tidlegare.