
I denne episoden møter vi Liv Kari Eskeland – arkitekt av fag, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Hordaland Høgre. Ho er “over snittet” glad i politikk, Hordfast og hage, og fortel om vegen frå studietid og tidlege arkitektprosjekt til å stå i front for lokal utvikling og nasjonal politikk.
Vi får høyre om kvifor Hordfast betyr så mykje for Vestlandet, korleis grøn skipsfart og sirkulær økonomi kan gje ny fart til industrien, og kva ho lærte av å byggje samfunn – både frå rådhuset og frå Stortinget.
Liv Kari deler òg personlege smakebitar: gjenbruksglede, drivhus, tomatar i fleng, restaurering av den gamle lensmannsgarden på Fjellberg, og eit par overraskande oppdrag – frå krandåp til filminnspeling.
No ser ho framover og vurderer kva dei neste ti arbeidsåra skal romme: fast jobb, styrearbeid eller nye prosjekt som byggjer framtida på Vestlandet?
Dette er ein episode for deg som bryr deg om samfunnsbygging i praksis – om vegar, verksemder, verdiar og menneske.
Sponsor: Alde Akva
Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur.
Alde Akva har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø.
I år feirer de 5-årsjubileum!
Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen fiskeri- og havbruksnæringen, t
ilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser
– fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.
Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon.