Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Business
Society & Culture
History
Sports
Technology
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
00:00 / 00:00
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts116/v4/91/85/67/9185670b-4738-f6a4-064c-72c1b7207a31/mza_5701887439990379548.jpg/600x600bb.jpg
SunnhordlandPodden
Kjetil Fyllingen
391 episodes
5 days ago
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Show more...
Entrepreneurship
Business
RSS
All content for SunnhordlandPodden is the property of Kjetil Fyllingen and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Show more...
Entrepreneurship
Business
Episodes (20/391)
SunnhordlandPodden
Kurt Grundvold og Per Inge Sætrevik - om Utdanningsmessa på Stord, Rotary - å gagne andre

Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb. 


Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland?


I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb).


Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen? 


Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt.


🎓 Utdanningsmessa er open onsdag og torsdag kl. 09–14, og alle som vil er velkomne til å stikka innom.



Sponsor: Byrået design og profilering AS 

Byrået Design og Profilering AS er eit kreativt og erfarent design- og profileringsbyrå og har sidan 1980-talet hjulpet verksemder med å bli tydelegare, meir synlege og meir profesjonelle. Me skapar identitet som gjer det enklare for deg å nå ut med bodskapen din – og som styrkjer merkevara di kvar dag. 

Hos oss får du alt du treng til ein heilskapleg og gjennomført profil: grafisk design og visuelle identitetar, profesjonelle skilt og dekor, bil-dekor, storformat print, profilartiklar og gåveprodukt, samt gravering og industrimerking. Ein annan av våre spesialitetar er innvendig og utvendig utsmykning på vegger og glassflater, samt fornying med interiørfolie. Alt blir utvikla og produsert i moderne lokaler på Stord, av eit team som brenn for kvalitet og godt handverk. 

Me legg stor vekt på å forstå kva du faktisk prøver å løyse – om det handlar om å tiltrekke nye kundar, skape eit meir profesjonelt førsteinntrykk, styrkje intern stoltheit eller sørgje for tydeleg merking i bygg og anlegg. 

Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil veta meir om kva me kan hjelpa deg med. 

https://www.byraet.no/

post@byraet.no

Show more...
5 days ago
34 minutes 57 seconds

SunnhordlandPodden
Kosthald, hormon og motivasjon som varer - med Jeanette Roede og Monica Ur

Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord). 

Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar. 

Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til midten av januar, korleis du går frå “eg burde” til ein faktisk plan, og kvifor små endringar ofte er det som gir dei store resultata over tid.

Vi er òg innom forsking, frokostmytar, overgangsalder (ja – også for menn), kvardagsaktivitet som fungerer, og korleis Grete Roede-appen og chatboten Grete kan støtte deg i prosessen.

Ei episode full av kunnskap, motivasjon og praktiske grep – for deg som vil ta vare på kroppen din på ein måte som faktisk passar i livet.


Sponsor: Velværetunet

Treng du eit friminutt i kvardagen?
Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.

På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar:
– Hudpleie og spa
– Massasje for total avkopling
– Makeup, bryn- og vippebehandlingar
– Sauna og massasjebad

No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.

Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.

På Velværetunet møter du:
Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn.
Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).

I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.

Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.

Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause.
Bestill time hos Velværetunet i dag. 🌿

Show more...
1 week ago
43 minutes 25 seconds

SunnhordlandPodden
Kristine Sele – om juleminne, krambu og ei livslang skriveglede

Kristine er aktuell med ei heilt fersk bok om Kristian Eidesvik: fiskeskipperen som blei ein sentral næringslivsleiar – og som mange hugsar som ein skikkeleg, varm og driftig mann.

Du får høyre om livet til Kristine, frå oppveksten på handelsplassen i Øklandsvågen med krambu, rutebåtar og juleutstillingar i vindauget – til livet som journalist i ei tid då ein skreiv for hand og sende filmrullar med buss.

Kristine deler historier frå møte med kongen, reportasjetur til Valdres for å møte Margit Sandemo (og ei svensk «heks»), dramatikk på tokt med Kystvakta, klosteropphald i samband med ein jule-reportasje – og ein god dose varme, humor og livsvisdom.

Det blir òg tid til prat om julepynt, reisetips og kvifor det er viktig å halde seg engasjert gjennom heile livet.




Restaurant 77, René, BB og Naustet Restaurant!
Enten du er ute etter ein rask burger, ein god middag ved sjøen eller ferske bakverk og lunsj midt i kvardagen – finn du det hos oss.

BB byr på smaken av ekte kolgrill, René på det vesle ekstra, og Naustet Restaurant på gode smakar i maritime omgjevnader. I 2026 opnar Restaurant 77 – ein heilt ny møteplass i hjartet av Haugesund.

Vil du gjere opplevinga komplett, kan du òg overnatte på Quality Hotel Maritim eller Thon Hotel Saga – midt i byen, tett på alt.

Fleire konsept, éi felles lidenskap: gode råvarer, ekte matglede og gode opplevingar.
Neste gong du skal ut og ete eller bu – vel lokalt. Vel kvalitet. Vel oss.

Helsing Caiano

Show more...
2 weeks ago
1 hour 19 minutes 16 seconds

SunnhordlandPodden
Tørre auge? Slik får du hjelp – med optikar Arnhild Myklebust

Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem.

Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell.

Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefilmen, kvifor overgangsalderen speler inn, og kvifor skjermbruk gjer fleire plaga enn før.

Vi snakkar òg om nye typar behandling – frå varmemaskar og auelokksmassasje til avansert lysbehandling som opnar kjertlar og gir betre komfort.

Og sjølvsagt: litt om brilletrendar, litt humor, og eit aldri så lite ordspel eller to.

Dette er episoden for deg som slit med tørre auge, ser for mykje på skjerm, er nysgjerrig på synshelsa di – eller berre vil høyre ein inspirerande prat med ein ekte lokal gründer.


Samarbeid: Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Brilleriet.

Show more...
3 weeks ago
32 minutes 8 seconds

SunnhordlandPodden
John Håvard Livden - om draumelivet på gård, juletresal og farlege ting

John Håvard Livden har flytta med familien frå Arna til gardsliv på Digernes på Stord – med sauer, juletre, eigne poteter og gutar som bygg trehytter i skogen.

I denne episoden får du høyra om korleis han kombinerer livet som bonde og yrkesfaglærar, kvifor han brenn for grindbygg og tradisjonshandverk, og kva han har lært av å ta over slektsgarden.

Vi snakkar om livet tett på natur, om ansvar, liv og død på ein gard, om juletresal, Vipps-bod og kvifor det er viktig å la ungar gjere farlege ting – forsiktig.

Du får òg nokre praktiske tips om korleis du tek best mogleg vare på juletreet.


Sponsor: Brilleriet

Livet er for kort til å bruka kjedelige briller!

Ta turen innom Brilleriet på Leirvik eller på Heiane, din lokale optikar- og brillebutikk.


Show more...
1 month ago
38 minutes 1 second

SunnhordlandPodden
Ingmar Søreide – rørleggar, gründer og draumen om ein brannstasjon

Ingmar Søreide er rørleggjaren frå Sagvåg som har gjort lidenskapen for rør, vatn og baderom om til eigen arbeidsplass gjennom Søreide Rør AS.

Me pratar om vegen inn i rørleggaryrket, korleis det er å starte for seg sjølv, kvifor han elskar rehabilitering av bad, og kvifor han meiner fleire unge bør bli rørleggarar. 

Og ikkje minst - kvifor han har ein draum om å kjøpe ein brannstasjon. 

Du får òg høyra gode historier frå læretida, møte med ein takknemleg kunde med vaflar og fyr i peisen – og du får konkrete tips til kva du bør tenkja på med røyr og bad, spesielt no når kulde, jul og ribbefett nærmar seg.


Sponsor: Aarskog Elektro AS

Aarskog Elektro – kvalitet du kan stole på.

I meir enn tre tiår har Aarskog Elektro levert elektroinstallasjonar av høg kvalitet i heile Sunnhordland. Med kontor på Fitjar og oppdrag på Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes, står Aarskog Elektro klare til å hjelpe – uansett om det handlar om service, rehabilitering eller nybygg.

Aarskog Elektro legg stor vekt på godt handverk, tryggleik og løysingar som er tilpassa kunden sine behov.
Difor er kundane alltid i fokus.

Frå bustader til næringsbygg og industri – Aarskog Elektro er ein stødig samarbeidspartnar som møter opp, leverer kvalitet og bryr seg om lokalsamfunnet.

Aarskog Elektro – erfaring, tryggleik og ekte fagstoltheit.


Show more...
1 month ago
50 minutes 21 seconds

SunnhordlandPodden
Margrete Lauksund Almås - om Julegato Sagvåg, tradisjon, dugnad og ekte engasjement

I år skal Sagvåg verkeleg skinna i adventstida. Julegato i Sagvåg blir større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent, boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store.

Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund Almås, leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet.

I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, initiativrik dame som brenn for lokalsamfunnet. Ho deler korleis Julegato Sagvåg har vakse fram, kvifor dugnadskulturen her betyr så mykje, og korleis eit lite mysterium med forsvunne julelys nesten skapte trøbbel for årets pynting.

Me snakkar òg om oppvekst, engasjement, lærarstudiet, draumejobben og korleis ho har hamna i rolla som «ho som får ting til å skje».

Du får høyra både humoristiske historier frå barndommen og innsikt i korleis ho balanserer jobb, små ungar og frivillig arbeid – og kvifor ho elskar Excel-ark litt meir enn dei fleste.


Sponsor: Sagvågshagen

Dagens episode er sponsa av Sagvågshagen – ein heilt ny, grøn oase midt i Sagvåg sentrum.

Her kjem det opp til 35 nye leilegheiter fordelt på seks bygg, frå ca. 45 til 90 kvadratmeter. Perfekt enten du vil ha noko lettstelt, eller treng litt meir plass – men likevel vil bu sentralt og godt i Sagvåg.


Sagvågshagen er det første bustadprosjektet i Stord kommune som følgjer den nye utomhusnorma frå 2024. Det betyr kvalitetsrike uteområde med leikeplass, gode sitjeplassar med og utan tak – og ein gjennomført grøn trivselprofil.

Mange av leilegheitene får høg sol- og utsiktsfaktor, særleg mot utløpet frå Storavatnet – der du kan nyta stillheit, ettermiddagssol og utsikt mot hamnebassenget.

Det blir skikkeleg støyskjerm mot hovudvegen, moglegheit for innglassa balkong som gir deg ei ekstra “stove”, og fleire løysingar for parkering: ute, i carport eller i felles garasje.

Vil du vite meir, sjå sagvaagshagen.no – kanskje er din neste heim midt i Sagvåg sentrum.

Show more...
1 month ago
31 minutes 10 seconds

SunnhordlandPodden
Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad - om Konsert, Håp og ny kulturstove på Stord

Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad inviterer til konserten Håp på VikjoScenen laurdag 22.11.

Med støtte frå Subshore får 40 ungdommar gratis billett, og kvelden byr på både nyskriven musikk, musikkvideo-premiere og support frå unge Lola Linda Poder.

Gjennom praten får du vite meir om historia bak låten Håp, korleis samarbeidet med Stord VGS vart til, og kvifor Magnus brenn for å gi ungdom ein plass å høyre til.

Ian fortel òg om visjonen bak VikjoScenen – ein ny, lågterskel og profesjonell kulturarena der unge og etablerte kunstnarar kan møtast, skape og utvikle seg.

Støtta frå lokale aktørar gjer dette mogleg, og mykje spennande står på programmet.


Sjekk ut: https://www.facebook.com/events/722555850807832


Sponsor: Subshore
Subshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  
Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  

Husk: Det betyr noe å bry seg! 


Show more...
1 month ago
35 minutes 22 seconds

SunnhordlandPodden
Ingelin Røssland - om Min julefest! - sånn cirka alt du trenger å vite om jul!

Forfattar, journalist og Tysnes-patriot Ingelin Røssland er tilbake på heimlege trakter – med juleglede på full guffe.

I denne episoden snakkar vi om den nye boka hennar «Min julefest», ei leiken og lærerik julebok for dei mellom 10–100 år.

Vi får òg høyre om skriveprosjektet «Pass dine eigne saker» laga saman med tiandeklassingar på Tysnes, og kvifor blautkokte egg og Bjørn Eidsvåg stadig dukkar opp i universet hennar.

Ingelin deler ope frå livet som forfattar: frå Newton-åra i NRK og møtet med veggen, til kjærleiken i Stockholm, bonusfamilieliv på Lidingö.

Ho heiar høgt på unge forfattarrøyster, avslører korleis ho «gerilja-plasserer» bøker i bokhandelen, og gjev konkrete tips til å finne tilbake barndommens julemagi (inkludert stygg, heimelaga julegenser).

Du får høyre om:

  • korleis «Min julefest» let deg lage di eiga julebok

  • Falturiltu, Tysnes-samarbeid og skrivegleda som smittar

  • tru, tilhøyring og julefeiring

  • kvifor temaet «å bli elska» går igjen i bøkene hennar


Lytt – og få inspirasjon til din eigen julefest.


Denne episoden har ingen sponsor.

Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!

Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:

Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.


Hiv deg med her: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠

Show more...
1 month ago
49 minutes 15 seconds

SunnhordlandPodden
Liv Kari Eskeland - om å byggje Samfun, Hage og Hordfast

I denne episoden møter vi Liv Kari Eskeland – arkitekt av fag, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Hordaland Høgre. Ho er “over snittet” glad i politikk, Hordfast og hage, og fortel om vegen frå studietid og tidlege arkitektprosjekt til å stå i front for lokal utvikling og nasjonal politikk.

Vi får høyre om kvifor Hordfast betyr så mykje for Vestlandet, korleis grøn skipsfart og sirkulær økonomi kan gje ny fart til industrien, og kva ho lærte av å byggje samfunn – både frå rådhuset og frå Stortinget.

Liv Kari deler òg personlege smakebitar: gjenbruksglede, drivhus, tomatar i fleng, restaurering av den gamle lensmannsgarden på Fjellberg, og eit par overraskande oppdrag – frå krandåp til filminnspeling.

No ser ho framover og vurderer kva dei neste ti arbeidsåra skal romme: fast jobb, styrearbeid eller nye prosjekt som byggjer framtida på Vestlandet?

Dette er ein episode for deg som bryr deg om samfunnsbygging i praksis – om vegar, verksemder, verdiar og menneske.


Sponsor: Alde Akva

Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur. 

Alde Akva har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø. 

I år feirer de 5-årsjubileum!

Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen fiskeri- og havbruksnæringen, t
ilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser
– fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.

Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon. 



Show more...
2 months ago
52 minutes 3 seconds

SunnhordlandPodden
Slankemedisiner kan gi raske resultater – men for Nina ble livet tyngre

Nina Maria Seljestad Bakke er en av mange som har brukt vektreduserende medisiner. Det førte til en dramatisk vektnedgang – men også til at livet kom helt ut av balanse. Faktisk gikk det så langt at hun ble innlagt på distriktspsykiatrisk senter for å lære å spise igjen. 

Nina Marias historie er en av mange. I 2024 brukte over 170 000 nordmenn vektreduserende legemidler ifølge FHI. I dag har mellom 60 og 70 prosent av den voksne befolkningen i Norge overvekt eller fedme, noe som påfører samfunnet store kostnader.

For mange oppleves medisinen som en ny start. Kliniske studier viser at disse medisinene gir langt bedre effekt enn de eldre alternativene, men i disse studiene får deltakerne tett og strukturert oppfølging med livsstilsendringer – som handler om å spise sunnere og være mer fysisk aktiv i hverdagen.


Sponsor: Grete Roede

Grete Roede har vært markedsledende i Norge på kosthold og livsstil i hele 50 år, og hjelper hvert år mange tusen nordmenn ned i vekt. På kurs hos dem lærer du hva du må gjøre for å få kontroll på vekten, og for å stabilisere kroppen på den nye vekten etterpå.

De jobber med kalorikontroll, sunt kosthold og de legger stor vekt det på mentale som en viktig del av prosessen. Dine tanker blir til dine handlinger, og det å jobbe med hodet er en vesentlig del av kursopplegget.

"Slanking foregår i hodet, og ønsker du et varig vekttap, må du gjøre endringer du kan leve med på sikt. Derfor passer et kurs hos Grete Roede enten du er på vektmedisin eller ikke," sier kursleder Monica Ur.

På Stord finner du Grete Roede i Velværetunet sine lokaler på Heio 7 hver onsdag og kursleder Monica Ur har "slanket bort" mange tonn hos sine deltakere gjennom sine 19 år som kursleder på full tid.

I tillegg til lokale kurs tilbyr hun også kurs på Teams 1-1 eller i grupper, samt skriftlige nettkurs.


Sjekk ut: https://www.roede.com

Show more...
2 months ago
40 minutes 37 seconds

SunnhordlandPodden
Hjertefred på Tysnes – om sorg, håp og det å finne ro

Når livet plutseleg blir snudd på hovudet, og ein mistar nokon ein er glad i – korleis lever ein vidare med det? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Jannike Alvær Lie og Ingebjørg Alvær Lie, som sammen med Jannicke Bjørnevik står bak Hjertefred på Tysnes – ei minnemarkering for alle som har opplevd sorg og sakn.


Søndag 2. november inviterer dei til ei varm og inkluderande stund på OnarTun, der lys, musikk og fellesskap gir rom for både tårer, smil og håp. 


I samtalen deler dei si eiga historie – om å miste broren sin, om sjukdom, organdonasjon og om korleis smerte kan forandre måten vi møter andre på.


Dette er ei sterk og håpefull forteljing om å leve vidare, om takknemlegheit, og om krafta i fellesskap når livet gjer vondt.


Sponsor: Stord Begravelsesbyrå 

Stord Begravelsesbyrå er ei familiebedrift i tredje generasjon som bistår ved dødsfall i heile Sunnhordland.

Erfaringa til Stord Begravelsesbyrå er di tryggleik.
Byrået har kontor sentralt på Leirvik, i Fitjar sentrum, på Sæbøvik i Kvinnherad og på Våge på Tysnes.

Hos Stord Begravelsesbyrå blir du møtt med varme av trygge og profesjonelle medmenneske, der målet er å leggja til rette for fine og verdige gravferder. Kva det vil seia, er ulikt frå person til person – og dette finn ein ut saman.

Visjonen til Stord Begravelsesbyrå er å vera ein veg­ryddar – ein medhjelpar og medvandrar i sorga sitt landskap, eit lite stykke på vegen.
Ein kan ikkje ta bort sorga, men Stord Begravelsesbyrå kan leggja til rette for at det praktiske vert handtert på ein god og ryddig måte.

I tillegg til gravferd hjelper Stord Begravelsesbyrå med oppussing av gravstein og sal av nye gravsteinar. Dei har fine gravsteinutstillingar på alle kontora sine.

Stord Begravelsesbyrå – ditt lokale gravferdsbyrå i heile Sunnhordland.


Show more...
2 months ago
33 minutes 1 second

SunnhordlandPodden
Britt Kjellesvik Rage - om Bringeklutar, Drakthistorie og Levande Kulturarv

Britt Kjellesvik Rage brenn for gamle tekstilar, folkedrakter og historia dei fortel. I denne episoden deler ho frå arbeidet med å kartleggja drakttradisjon på Tysnes, boka om bringeklutane, og livet som «viking» i Gudvangen.

Vi får høyra om dokkeskulpturane som har reist verda rundt, korleis ho byggjer ein lokal drakt-database, og kvifor tekstilar er mykje meir enn pynt – dei er kulturarv, handelshistorie og levd liv.


Sponsor: Tysnes gjev meirsmak

Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. 

⁠⁠https://www.visittysnes.no⁠⁠



Show more...
2 months ago
48 minutes 26 seconds

SunnhordlandPodden
Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi

Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen.

Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining.


Sponsor: SvingenPuls Treningssenter


I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes!

Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar.

Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort.

Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening.

I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen!

Så – kva ventar du på?

Få opp pulsen hos SvingenPuls!

Les meir på svingenpuls.no eller følg dei på Facebook.

Show more...
2 months ago
38 minutes 57 seconds

SunnhordlandPodden
Anne Margrethe Otterå – om Nål & Tråd, Stofflanging og Gründerliv

Ho kallar seg sjølv den største «stofflangaren» på Stord – men heldigvis er stoffet hennar heilt lovleg! I over 55 år har Anne Margrethe Otterå vore hekta på nål og tråd, og i dag driv ho butikken Nål & Tråd med både symaskiner, stoff og garn.

I denne episoden får du høyra om eit liv fylt med skaparglede, flytteprosjekt, pendling frå Austevoll – og kvifor både sying og strikking kan vera ekte terapi. Me snakkar òg om gründarlivets oppturar og nedturar, og kvifor ein aldri blir heilt ferdig med å samle på stoff.

Og kva er eigentleg poenget med å sy sin eigen BH?


Vil du bli med på syhelg?

Sjekk ut denne sida


Sponsor: Verdig Gravferd

Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. 

Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. 

Besøk nettsida ⁠verdiggravferd.no⁠ for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. 

Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne. 

Show more...
3 months ago
58 minutes 27 seconds

SunnhordlandPodden
Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? 

Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.

I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate! 

Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».


Sponsor: Verdig Gravferd

Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære.

Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland.

Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.

Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

Show more...
3 months ago
43 minutes 21 seconds

SunnhordlandPodden
Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer

Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn
«De fykende måker»,  for innsatsen sin.

Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem.

I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småbruk, korleis arbeidsmoral og dugnadsånd vart forma tidleg, og historia om korleis far hans overtydde han om å flytte heim til Bømlo: «Du skal komme heim og hjelpe folk å få til noko.»

Laurhammer fortel òg om viktige prosjekt som vannverksutbygging, Trekantsambandet, Moster Amfi og Haugesund lufthamn – og om verdien av å stå på når byråkratiet seier nei.

Han deler óg ærlege glimt frå sjukdom, livet som pensjonist (utan å legge arbeidsiveren heilt på hylla) – og ikkje minst råd til unge om integritet og korleis ein kan få ting til i dag.

Show more...
3 months ago
28 minutes 48 seconds

SunnhordlandPodden
Bonusepisode - Mr. Halloween

Her får du ein smakebit av musikken du kan oppleva i Mr. Halloween sin magiske butikk 🎶

Songen Mr. Halloween er skriven og framført av John Ståle Eldøy.

Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!⁠


Sponsor: Peppes Pizza Stord

Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.

Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.

Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.Send ein e-post til ⁠peppes@peppes.no⁠ for å opprette bedriftskonto i dag.

Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.

Show more...
3 months ago
3 minutes 43 seconds

SunnhordlandPodden
Erik Jørgensen - om Musikken, Galskapen, Dugnadsånda og Mr. Halloween sin magiske butikk

Erik Jørgensen – ei ekte eldsjel i kulturlivet på Stord. Han har skrive og sett opp musikalar og teater i fleire tiår, og no er han aktuell med stykket Mr. Halloween sin magiske butikk.

Vi snakkar om oppvekst, bandlivet på 70- og 80-talet, korleis Askepott-rocketeateret vart til, og kvifor han aldri har gitt seg med å skape noko nytt. Her får du høyre om galskapen, dugnadsånda og gleda som driv fram store prosjekt – og kvifor han meiner at du må elske det du gjer, elles kan du berre gløyme det.

Dette er historia om ein mann som har sett djupe spor i kulturlivet – med mykje humor, kreativitet og varme!

Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!


Sponsor: Peppes Pizza Stord

Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!
Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.

Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.

Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.
Send ein e-post til peppes@peppes.no for å opprette bedriftskonto i dag.

Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.

Show more...
3 months ago
39 minutes 59 seconds

SunnhordlandPodden
Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane

Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.


Sponsor: Fitjar Kraftlag

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.

Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.

Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.

Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!

Show more...
3 months ago
1 hour 1 minute 47 seconds

SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor